Stålramme
Sjølvbærande
Slepereiskap
Trepunksoppheng
Tilhengarfeste

Freistnad på kommersialisering

I 1928 hadde Ferguson ein fungerande prototype montert på ein Fordson F. På grunn av at produksjonen av Duplex-plogen vart lagt ned i 1928 var kan ihuga etter å koma i gang med produksjon. Han hadde ikkje sjølv midlar til å starta traktorproduksjon og sjølv om problemet med ujamn pløyedjup og at hydraulikkoljen gjekk varm og vart blanda med luft framleis ikkje var løyst tok han til å leita etter eit føretak som ville produsera djupnereguleringssystemet på lisens. Samstundes med dette vart det arbeidd med å løysa problema som stod att.
Ferguson reiste rundt og demponstrerte systemet både i Storbritania og i USA. Fleire føretak var interreserte i systemet, men på grunn av tronge tider og stagnasjon i jordbruket var ingen viljuge til å setta systemet i produksjon. Allis-Chalmers i USA var eit av dei fyrste føretaka som fatta interresse men det kom ikkje til noko meir. Ferguson ville helst at trekunktsopphenget skulle produserast i Nordeire og han freita å overtala nokre av skipsverka der til å starta traktorproduksjon, men i desse åra rådde det pessimisme i industrien og ingen turde satsa på å strata produksjon av ein ny traktor som krevde spesialtilpassa reiskap.
Ransomes & Rapier i Ipswich og Ruston viste òg intresse for trepunktsopphenget, men det kom ikkje til nokon abtale. Morris Car Company i Oxford viste såpass interresse at dei forhandla fram ein avtale med Ferguson, men rett før avtalen skulle underskrivast trekte dei seg.
Rover i Coventry hadde utvikla ein beltetraktor og synte interresse for systemet. I 1931 var Sands på synfaring hjå Rover og prøvekjøyrde ein prototype. Traktoren til Rover var svært stutt og på ujamt underlag bikka den opp og ned i lengderetning. Dette førte til at festet til trepunktssystemet òg gjekk opp og ned snøggare enn reguleringssystemet kunne fylja med. Forsøka med å nytta denne traktoren vart difor avslutta.
Det var truleg fleire grunnar til at Ferguson ikkje klarte å overtala nokon til å produsera ein traktor med det nyutvikla trepunktsopphenget. Ein grunn kan ha vore at det framleis var problem med hydraulikken, ein annan at det var dårlege tider for jordbruket og difor dårlege salgsututsikter. At trepunktsopphenget krevde spesialbygd reiskap var truleg òg ei medverkande orsak. Men Ferguson gav ikkje opp. Då ingen ville produsera ein traktor med trepunktsoppheng starta han, på trass av han eigentleg ikkje hadde råd, utviklinga av sin eigen traktor; sjå Ferguson Black Tractor.