|
|
|
|
I 1928 tok Ferguson ut papent på den horisontale geometren vist i figurane under. Avstanden mellom trekkstengerne er mindre i framkant enn i bakkant. Om ein trekkjer linjer framover frå trekkstengerne vil dei møtast i eit virtuellt punkt litt attom framakselen. Strekkreftene i trekkstengerne vil tilsynelatande koma frå dette punktet. Når traktoren svingar vil reiskapen vera fri til å bevega seg, som vist i figurane under. Om reiskapen ikkje var fri til å bevega seg i horisontalplanet, som til dømes på dei tidlegare motorplogane, vill den svinga ut i feil retning. Men med Ferguson sin geometri fylgjer reiskapen etter traktoren som om trekkstenerne var opphengde i det virtuelle punktet attom framakselen. Om plogen av ein eller annan grunn, til dømes på grunn av jordfast stein, er komen for langt til den eine sida fører geometrien til at ham vert styrt inn att. Ein ser òg at når traktoren svingar mot høgre, vil plogen verta styrt mot venstre og difor fylja same vegbane som traktoren. Den hosisontale geometrien er i røynda lik den vertikale geometriem.
|
|
|
|
|
Ved kjøring rett fram og med rett innstillt plog har begge trekkstengerne same vinkel og plogen er sentrert rett bak traktoren.
|
Om plogen av ein eller annan grunn er komen for langt mot høgre, eller når traktoren svingar mot høgre, vil plogen verta styrt mot venstre.
|
Om plogen av ein eller annan grunn er komen for langt mot venstre, eller når traktoren svingar mot venstre, vil plogen verta styrt mot høgre.
|