Stålramme
Sjølvbærande
Slepereiskap
Trepunksoppheng
Tilhengarfeste

Harry Ferguson og slepeplogane

Harry Ferguson
Trepunktsophenget vart utvikla av iren Harry Ferguson (eigentleg heite han Henry George Ferguson), saman med Willie Sands og Thomas McGregor (Archie) Greer. Ferguson vart fødd i 1884, ikkje så langt unna Belfast. Sands og Greer var òg frå same området.
Under fyrste verdskrig fekk Storbitania problem på grunn av at tyske ubåtar senka handelsskipa som frakta mat til landet. Regjeringa oppmoa difor til auka matproduksjonen. Det var ikkje så lett, ettersom både mannskap og hestar var rekviderte av militæret. Løysinga tykktest å liggja i mekanisering av landbruket og Harry Ferguson starta import av traktoren «Waterloo Boy» frå USA; i Storbritania vart traktoren seld under namnet «Overtime». Saman med Willie Sands reiste Harry Ferguson rundt og demonstrerte denne traktoren med ein 3-skjers Cockshutt-plog. Desse demonstrasjonane var så overtydande at regjeringa våren 1917 leidde Ferguson til å halda demonstrasjonar over heile Eire (som framleis var under britisk okkupasjon).
Som vanleg på denne tida, vart plogen dregen etter ein kjetting festa til traktoren. Ferguson vart snøggt klar over problema med dette arangemanget og tok til å grubla på korleis det kunne gjerast betre. Han kom til at det som skulle til var ei tettare kopling mellom plog og traktor. Det er uvisst om Ferguson var kjendt med festeanordningane på motorplogane. Desse hadde ei tett kopling mellom plog og traktor, men av ein meir primitiv type enn trepunktsopphenget som Ferguson seinare utvikla.