Stålramme
Sjølvbærande
Slepereiskap
Trepunksoppheng
Tilhengarfeste

Duplexplogen

Duplexplogen
Tettare kopling til traktoren: Då Ferguson fekk kjennskap til Fordson F vart han imponert over den enkle men samstundes moderne byggemåten og tok straks til å tilpassa plogen sin til Fordson F. Ferguson var på leiting etter ein måte for å overføra vekt (eigentelg kraft) frå plogen til drivhjula på traktoren, for å forbetra markgrepet. Han ønskte å verta kvitt djupnehjulet på plogen. Saman med Sands enda han opp med ein 2-skjers plog (berre eit skjer er vist i prinsippskissa) opphengt i ei tilnærma parallelføring, som hadde to horisontale nedre stag og eit øvre stag. Desse var så festa til eit vertikal oppheng, som i sin tur var festa til traktoren med to vertikale boltar, slik at plogen var fri til å svinga i horisontalplanet. Det eine festet var plassert omlag i same høgd som trekkbommen vanlegvis var plassert og det andre var plassert over dette.
Ved å justera geometrien på denne festeanordinga kunne pløyedjupna justerast, men ikkje haldast konstant når åkeren var ujamn eller stivheita på jorda varierte. Den vertikale geometrien til duplexplogen var liekvel ein viktig steg i utviklinga av trepunktsopphenget.
Auka sikkerheit: Duplexplogen var ikkje fri til å rotera vertikalt i opphenget, så når den kjøyrde seg fast i stein eller røter vart traktoren hindra i å steila og tippa rundt bakover. Dette hadde tidlegare vore eit stort problem med Fordson-traktoren.
Mekanisk djupneregulering: Den fyrste utgåva av denne plogen var klar i 1919, men den vart ikkje nokon suksess. Problemet var at pløyedjupna varierte for mykje og traktorføraren måtte stadig korrigera djupna manuellt. Ferguson helt fram med å forbetra plogen, saman med ein av medarbeidarane sine, Thomas McGregor Greer og Willie Sands. Etter ei tid fann Sands på å setta på ein liten meie som vart plassert bak på plogen. Denne meien fungerte som ein sensor som målte pløyedjupna. Rørslene til denne sensormeien vart nytta til å endra geometrien for å halda pløyedjupna konstant. Men djupna varierte likevel meir enn dei hadde vona. Ferguson søkte om patent på dette prinsipped i 1923.
Produksjon: Ferguson hadde ikkje midlar til å produsera plogen sjølv og det var fyrst i 1925 at han fekk til eit samarbeide med Sherman i USA. Plogen vart difor ofte omtala som «Ferguson-Sheerman-plogen». Det var ikkje Ferguson, men Muir Hill i Manchestar, som fram til 1928 importerte plogen til Storbritania. I 1928 la Ford ned produksjonen av Fordson F i USA og flytta produksjonen til Cork i Eire. Men Duplex-plogen vart produsert i USA og marknaden der vart så godt som borte. Produksjonen vart difor lagt ned.