Stålramme
Sjølvbærande
Slepereiskap
Trepunksoppheng
Tilhengarfeste

Djupneregulering: hydraulikk

Duplexplogen
Trekkraftsensor: Figuren til høgre, henta frå eit av patenta til Ferguson, syner korleis ein på eit tidleg stadium førestilte seg at djupnekontrollen ville fungera. Her er det den nedre trekkstonga som fungerte som sensor og målter krafta som skal til for å trekkja plogen. Den fyrste prototypen, montret på ein Fordson F, var ferdig i 1928 og var byggd etter dette prinsippet. Prototypen hadde to øvre trekkstenger og eit nedre stag (omlag som i skissa) og det var strekkrafta den nedre trekkstonga som fungerte som trekkraftsensor. Strekkrafta i den nedre trekkstonga vart konvertert til ei rørsle som kontrollerete den hydrauliske løfteanordninga. Systemet vart seinare byggd om til to nedre trekkstenger og eit toppstag.
Reguleringssystemet: Når plogen hadde rett djupn vart forbindelsen til løftesylinderen stengt og oljen strauma ut gjennom ein overtrykksventil. Om plogen gjekk for djupt auka strekkrafta i den nedre trekkstonga. Denne krafta vart konvertert til ei rørsle som opna ein ventil som sleppte olje frå pumpa inn i løftesylinderen. Dette førte til at plogen vart løfta nok til at strekket i trekkstonga minka så mykje at ventillen på nytt stenge inntaket til løftesylinderen. Om plogen derimot gjekk for grunt minka strekkrafta i trekkstonga, noko som førte til at ventillen opna utløpet frå løftesylinderen. Dermed tok oljen til å strauma ut or sylinderen og plogen vart senka. Når plogen så gjekk djupare auka strekkrafta atter i trekkstonga og ventillen stengde utløpet frå løftesylinderen.
Hydraulikkproblem: Etter å fyrst ha eksperimentert med ei skråskivestempelpumpe som kunne levera ein variabel oljestraum enda dei opp med å nytta ei 4-sylindra stempelpumpe som leverte ein konstant oljestraum. Regulatoren returnerte den overflødige oljen til reservoaret via ein overtrykksventil, noko som førte til kraftig oppvarming av oljen. Det førte dessutan til at det vart blanda luft inn i oljen, slik at olje/luftblandinga oppførte seg som ei fjør og resulterte i at reguleringa vart svært unøyaktig. Problemet var så seriøst at luftbobler av og til førte til at systemet slutta å fungera. Dette skapte store problem i fleire år framover og vart ikkje løyst før i 1935 då Ferguson kom på å flytta ventillen til innsugningssida på pumpa. Å stenga for inntaket på ei pumpe fører vanlegvis til kavitasjon, men så lenge det fungerte brydde ikkje Ferguson seg om kva som stod i lærebøkerne.
Eit anna problem var at regulatoren var for følsam, slik at pløyedjupna vart ujamn. Dette problemet vart løyst ved å bygga om festeanordninga til to nedre trekkstenger (som lyfta reiskapen) og eit toppstag. Det var no trykket i toppstaget som vart nytta som sensor. Dette førte til ei forbetring, men problemet vart ikkje helt løyst før fleire år etter at systemet var sett i produksjon. Det er uvisst om det var ulineæritet (hysterese?) eller for liten demping som førte til desse problema.
Sikkerheitsutløysar: Om plogen støytte på ein jordfast stein førte trykkrafta i toppstaget til at ventillen i hydraulikkpumpa vart ført så langt ut av stilling at både inn- og utløpet vart opna. Oljen i sylinderen kunne dermed fritt strøyma ut, slik at løftekrafta i trekkstengerne forsvann og vektoverføringa til bakhjula vart oppheva. Men trykket i toppstaget var framleis til stades og hindra at traktoren steila. Resultatet var at det reduserte markgrepet førte til at drivhjula spann. Forutan at dette hindra ulukker, reduserte dette faren for at reiskapen vart skadd. Denne sikkerheitsfunksjonen vart ikkje bygd inn inn i systemet men vart «oppdaga» under testing av Ferguson Black Tractor, etter at ventillen var flytta til innsugningssida av hydraulikkpumpa.