Stålramme
Sjølvbærande
Slepereiskap
Trepunksoppheng
Tilhengarfeste

Djupneregulering: hovudprinsipp

Automatisk djupneregulering: Ferguson var ikkje nøgt med Duplex-plogen og saman med Willie Sands and Thomas McGregor Greer heldt han fram med å forbetra måten plogen var festa til traktoren. Ferguson var svært ihuga på å finna ein metode som automatisk regulerte pløyedjupna, utan å nytta djupnehjul eller ein meie-sensor som på duplex-plogen. Han var òg oppteken av at prinsippet skulle fungera med andre reiskap enn plog.
Trekkraftsensor: Dei kom til at det kunne vara fornuftig å nytta seg av at trekkrafta var proporsjonal med pløyedjupna. Om dei kunne måla trekkkrafta kunne ho nyttast for å styra ei løfteanordning som heva eller senka plogen proporsjonalt med trekkrafta. På denne måten ville ein, under føresetnad om at stivheita til jorda ikkje varierte, oppnå automatisk regulering av pløyedjupna.
Patent: Ferguson fikk patent på dette prinsippet i 1926 [1]. Dette patentet var svært generelt og nemde fleire metodar for å realisera djupneregulering. Forutan mekaniske og hydrauliske system var òg bruk av elektromotorar nemnt. I starten vart det arbeidd med ei mekanisk løfteanordning, med koniske slurekoblingar, men desse var utsette for sterk slitasje og varte ikkje så lange. Det var i desse åra at dei kom på å nytta hydraulikk for å løfta plogen. Det vart til at dei satsa på å utvikla eit hydraulisk system.

Referansefile:

  1. Ferguson, H., Apparatur for coupling agricultural implements to tractors and automatically regulating the dept of work, British Patent No. 253566, juni, 1926.