|
På grunn av at personbilen Ford T var svært billig vart det selt mange forskjellige konvergeringssett, slik at han skulle kunna nyttast i jordbruket. Desse konvergeringane gjekk stort sett ut på å setta på større drivhjul, av jarn, og endra utvekslingsforholdet. Ferguson fekk tak ei eit Eros konvergeringssett og bygde ein plog som var festa til bakakselen. Plogen hadde ei mekanisk fjørbelasta løfteanordning. Denne plogen har i ettertid vorte kalla «Belfastplogen». Plogen vart produsert av E.G. Staude Manufacturing i Minnesota, USA og vart importert til Storbritania av Morris Russel & Co. i London.
Dette var i 1917, same året som dei fyrste Fordson F traktorane vart laga. På grunn av at Fordson F var så billig i høve til andre traktorar var det ikkje lenger noko interesse for å nytta Ford T og marknaden for Belfastplogen kollapsa i Storbritania (i Nordamaerika vart ikkje Fordson F tilgjengeleg før i 1918). Han skunda seg difor med å tilpassa plogen sin slik at han kunne nyttast saman med Fordson F. Denne plogen var festa på trekkbommen til traktoren og var i røynda ein slepeplog.
|