|
|
|
Bruk av tohjukshengar fører til at noko av vekta til tilhengar og lass kviler på bakakselen til traktoren. Dette aukar markgrepet og dermed framkomlegheita. I bratt lende og i skogen er difor tohjulshengarar utbreidd. Medan firhjulshengarar er pupulære der landskapet er flatt, er dei fleste hengarar i Noreg av tohjulstypen.
|
|
Vektoverføring til bakakselen: Noko av vekta til ein tohjulshengar kviler på tilhengarhjula og resten på trekkroken. Totalmassen til tilhengar og last MT gjev opphav til ei vertikal kraft FT = MTg, der g ≈ 9,8 m/s2, med tyngdepunkt P0. For å finna den vertikale krafta Fk som kviler på trekkroken tek vi moment om punktet P2:
FTL3 = FK(L2 - L4 + L3)
og løyser ut krafta som kviler på trekkroken:
FK = (FTL3) / (L2 - L4 + L3).
Denne krafta vil gi opphav til ei oppoverretta vertikal kraft Fk på framakselen, som vi finn ved å ta moment om punktet P1:
FkL1 = FKL4,
som gjev
Fk = FKL4 / L1.
Om avstanden L4 er liten er ikkje denn krafta så stor.
I tillegg vil den horisontale krafta FD gi opphav til ei oppoverretta vertikal kraft Ld på framakselen. Denne finn vi ved å ta moment om punktet P1:
FdL1 = FDh1
og løyser ut ut Fd:
Fd = FD(h1 / L1).
Den samla vertikal krafta på bakakselen (på grunn av tilhengaren) vert difor:
FB = FK + Fd.
I høve til ein firehjulshengar kjem leddet FK i tillegg, så markgreper er tilsvarande betre når ein nyttar tohjulshengar.
Komponenten Fd er proporsjonal med høgda h1 på trekkroken og kan aukast ved å nytta ein høgt plasser trekkrok. Med ettersom ein høgt plassert trekkrok aukar faren for steiling er trekkroken som oftast lågt plassert. På grunn av at framenden av tilhengaren kviler på trekkroken aukar marktrykket proporsjonalt med lasta på hengaren, så det er mindre bruk for høgt plassert trekkrok enn for firehjulshengarar. Eit anna føremon ved lågt plassert trekkrok er at den ved steiling går ned i vegbanen og hindrar traktoren frå å tippa rundt bakover.
Om tilhengarhjula støytter på ei hindring, som til dømes ein stein eller ein hump i vegbanen, aukar krafta FD med ein faktor ΔFD og den oppoverretta krafta på framakselen aukar med
ΔFd = ΔFD(h1 / L1).
Dette aukar faren for steiling, men på grunn av at trekkroken ligg lågare enn sentrum i bakakselen vil det samstundes oppstå eit moment om bakakselen som resulterte i ei nedoverretta kraft Fr på framaskselen. Ved å setta opp momentbalanse om sentum i bakakselen,
FrL1 = ΔFDh2,
kan vi finna den nedoverretta krafta
Fr = ΔFD(h2 / L1).
Auken i den oppoverretta krafta på framakselen vert difor:
ΔF = ΔFd - Fr
= ΔFD(h1 / L1)
- ΔFD(h2 / L1)
= (ΔFD / L1)(h1 - h2).
Vi ser at om trekkbommen er plassert svært lågt vert leddet (h1 - h2) lite og faren for steiling aukar ikkje så mykje. Om trekkbommen er plassert høgare enn sentrum i bakakselen vil krafta Fr ha retning oppover og faren for steiling vert større. Ei anna ulempe med ei slik høg plassering ville vera at trekkroken ville vera for høgt plassert til å hindra traktoren i å tippa rundt bakover.
|
|
|
|
Senkbar trekkrok på Bolinder Munktell 230 Victor. Det hydrauliske trepunktsopphenget vert nytta for å løfta trekkroken med hengar på plass i øvre stilling. Denne type trekkrok vert låst i øvre stilling.
|
Fribedraget, frå Livab AB i Braås, var ein enklare versjon av Livabdraget, beregna på jordbruksføremål. Fribedraget hadde òg vertikal opplagring framom bakakselen og plasserte difor noko av vekta til hengaren på framakselen til traktoren.
|
|
|
|
Livabdraget, frå Livab AS i Braås, var vertikalt opphengt framom bakakselen. Distansen L4 vart difor negativ og krafta Fk på framakselen vart retta nedover. Avstanden L4 vart tilpassa slik at 88% av lasta kvilte på bakakselen til traktoren og 12% på framakselen. Livabdraget vart nytta i samband med drivhengarar og drivdumperar.
|
Draget til den tohjula hengaren var fritt til å rotera sidevegs rundt ein tapp i bakre ende på Livabdraget. Den fremre enden hadde ein rull som tillet draget å røra seg sidevegs i ei krum styreskinne i framkant av draget. Ved å plassera den horisontale opplagringa mykje lengre bak enn den vertikale opplagringa, oppnådde ein ein stor maksimalvinkel mellom hengar og traktor og dermed liten snuradius.
|