Stålramme
Sjølvbærande
Slepereiskap
Trepunksoppheng
Tilhengarfeste

Slepereiskap: trekkbom

Reiskapsfeste med trekkbom
Traktorane vart etter kvart utstyrte med trekkbom som slepereiskap kunne festast i. Saman med at reisskapen vart utstyrt med hjul førte dette til at det ikkje lenger var naudsynt med ein person til å styra reiskapen, noko som reduserte kostnadane. Som vist under kan ein i nokon grad oppnå vektoverføring frå framaksel til bakaksel ved å justera høgda på trekkbommen.
På det europeiske kontinenetet har det vore vanleg med høgt plassert trekkbom, medan lågt plassert trekkbom er utbreidd i Sverige og Danmark. I Noreg er det trekkrok og tohjuls hengar som dominerer.
Ein firehjuls tilhengar oppfører seg som anna slepereiskap og vektoverføringa (eigetleg kraftoverføring) frå framakselen til bakakselen på traktoren kan analyserast som for anna slepereiskap.
Reiskapsfeste med trekkbom
Kraftoverføring til bakakselen: Hjula på plogen vil ta opp den vertikale kraftkomponenten frå plogen, så traktoren vert berre utsett for ei horisontal kraft FD. Vi kan finna den oppoverretta vertikale kraftkomponenten frå framakselen ved å ta moment om punktet P1:
FDh1 = FdL1.
Den vertikale oppoverretta krafta på framakselen vert difor
Fd = FD(h1 / L1).
Ettersom det ikkje er eksterne vertikale krefter må kraftoverføringa til bakakselen vera lik med denne krafta. Bakakselen får difor ei nedoverratta vertikal kraft
FB = Fd = FD(h1 / L1),
som er med på å betra markgrepet. Vi ser at FB er proporsjonal med høgda h1 på trekkbommen. Markgrepet kan difor aukast ved å plassera trekkbommen høgt. Med ein høgt plassert trekkbom aukar samstundes faren for steiling. Det var difor ofte vanleg å plassera trekkbommen lågt og å nytta hjulvekter, eller veskefyllte dekk, for å auka markgrepet.
Om plogen støytter på ei hindring, som til dømes jordfast stein, aukar krafta Fd med ein faktor ΔFD og den oppoverretta krafta på framakselen aukar med
FR = ΔFD(h1 / L1).
Dette aukar faren for steiling, men om festet for trekkbommen ligg lågare enn sentrum i bakakselen vil det samstundes oppstå eit moment om bakakselen som resulterte i ei nedoverretta kraft Fr på framakselen. Ved å setta opp momentbalanse om sentum i bakakselen,
FrL1 = ΔFDh2,
kan vi finna den nedoverretta krafta
Fr = ΔFD(h2 / L1).
Auken i den oppoverretta krafta på framakselen vert difor:
ΔFd = FR - Fr = ΔFD(h1 / L1) - ΔFD(h2 / L1) = (ΔFD / L1)(h1 - h2).
Vi ser at om trekkbommen er plassert svært lågt vert leddet (h1 - h2) lite og faren for steiling aukar berre i liten grad. Om trekkbommen er plassert høgare enn sentrum i bakakselen vil krafta Fr ha retning oppover og faren for steiling vert større.
4-hjuld hengar
Trekkbom
Trekkbom
Trekkbom
Lågt plassert trekkbom på Bolinder Munktell 55. Trekkbomen kan justerbart sidevegs i horisontalplanet, slik at breidda på fyrste fåra kan justerast.
Lågt plassert svingbar trekkbom på Someca 511.
Lågt plassert fast trekkbom på Danhorse.
Trekkbom
Trekkbom
Trekkbom
Lågt plassert fast trekkbom på Bofors 25-40.
Høgt plassert trekkbom på Lanz D 2016
Høgt plassert trekkbom på Normag Kornet II.