|
|
|
Den opne konstruksjonen med motor og drivverk montert på ei stålramme førte til at lager, tannhjul, kjeder, osb. vart utsette for jord, støv og regn, noko som førte til stor slitasje. Vridningar i ramma førte òg til at tannhjula i transmisjonen kom ut av stilling. For å bøta på desse svakheitene tok ein etter kvart til med å bygga saman motor, girkasse og bakaksel til ein stiv bærande konstruksjon, som kampsl inne drivverket og beskytta det mor støv og vete.
Den fyrste traktoren i historia med sjølvbærande konstruksjon var Wallis Cub. Det er usikkert om produksjonen av Wallis Cub tok til i 1913 eller 1914, men Clarence M. Eason og Robert O. Hendrickson, som var tilsette hjå Wallis Tractor Company, i Racine, USA, søkte om patent på konstruksjonen i november 1913. Wallis Cub hadde ein bærande U-profil som var valsa ut av dampkjelestål. Denne U-profilen gjekk langs heile lengda av traktoren og utgorde nedre delen av motoren, kopling, girkasse og bakenden av traktoren. Med unnatak av den siste overføringa til drivhjula var alle gira heilt innkapsal og gjekk i oljebad. Wallis Cub var ein svært moderne traktor då den kom på marknaden og den tente som innspirasjonskjelde for mange andre traktorar. I 1915 kom Wallis Cub Junior på marknaden. Den hadde same konstruksjon som Wallis Cub, men no var òg den siste overføringa til drivhjula innkapsal og gjekk i oljebad.
|
I 1917 kom Fordson F på marknaden og i 1918 kom Kullervo. Byggemåten til desse var sterkt innspirert av Wallis Cub, men i staden for ei U-forma stålplate var motor, girkasse og bakaksel utførte som separate einingar av støypejarn som var bolta saman. Både på Fordson F og Kullervo var alle gir innkapsa og gjekk i oljebad. Dei fleste andre traktorprodusentane gjekk òg etter kvart over til denne typen blokkonstruksjon.
Innføringa av blokkonstruksjon førte til ein kraftig reduksjon i slitasjen på overføringa og arbeidet med manuell smørig vart borte. Byggemåten førte òg til at meir kompakte og lettmanøvrerte traktorar,
|