|
|
|
Wallis Cub var den fyrste traktoren i historia med sjølvbærande konstruksjon. Det er usikkert om produksjonen av Wallis Cub tok til i 1913 eller 1914, men Clarence M. Eason og Robert O. Hendrickson, som var tilsette hjå Wallis Tractor Company, i Racine, USA, søkte om patent på konstruksjonen i november 1913.
Wallis Cub hadde ein bærande U-profil som var valsa ut av dampkjelestål. Denne U-profilen gjekk langs heile lengda av traktoren og utgorde nedre delen av motoren, kopling, girkasse og bakenden av traktoren. Med unnatak av den siste overføringa til drivhjula var alle gira heilt innkapsal og gjekk i oljebad. Det var nytta kulelager i girkassen, noko som ikkje var vanleg på denne tida. Wallis Cub var ein svært moderne traktor då han kom på marknaden og han tente som innspirasjonskjelde for mange andre traktorar.
Motoren var ein 4-sylindra forgassarmotor, som gjekk både på bensin og parafin. Effekta var oppgjeven til 44 hk. Wallis Cub hadde to hastigheiter framover og vog 3855 kg. Han hadde berre eit framhjul som var plassert frammom radiatoren. Som vanleg på denne tida satt føraren heilt bak på traktoren, men setet hadde fjøring.
|
|
|
|
Frå ein annonse.
|
Wallis Cub i arbeid.
|