|
|
|
Lanz HL vart produsert av Heinrch Lanz Manheim AG. Han vart konstruktert av Fritz Huber. Han hadde ein 1-sylindra 2-takts glødehovudmotor, med eit sylindervolum på 6,2 liter og ei effekt på 12 hk, som gav opphav til nemninga «Zwölfer Bulldog». Motoren nytta fordampningsavkjøling, noko som kravde stadig etterfylling av kjølevatn.
HL Eisen-Bulldog vog 1850 kg og høgaste hastigheit var på 5,5 km/t. Det var berre ei hastigheit framover på HL og ingen revers. For å reversera traktoren laut ein stogga motoren og starta han i motsett omdereiningsretning. På grunn av dei små hjula høvde denne modellen best på fast underlag, eller som ein sjølvkjøyrande stasjonærmotor. Lanz produserte over 6000 HL.
|
Illustrasjonen til høgre syner plasseringa av innsprøytingsdysa i glødehovudet og blåselampa (under) som vart nytta for å varma opp glødehovudet før start. Ein ser òg vasskappa og tanken til fordampingsavkjølinga. Vidare er tannhjulsoverføringa til drivhjula synleg.
HL «Gummi-Bulldog» hadde heilgummidekk og var mynta på transport på veg, men største hastigheita var berre 6 km/t. HL Gummi-Bulldog var òg noko tyngre enn HL Eisen-Bulldog. Frå 1924 vart det vart òg produsert ein modell med tvilling-heilgummihjul, kalla HL «Verkehrs-Bulldog». Tvillinghjula gav betre feste, så denne modellen kunne dra tyngre tilhengarar enn «Gummi-Bulldog».
|
|
|
|
Lanz HL Gummi-Bulldog hadde heilgummidekk.
|
Lanz HL Verkehrs-Bulldog. Med unnatak av hjula var han svært lik Gummi-Bulldog.
|
|
|
|
Lanz HL var òg populær på eksportmarknaden og i Tsjekkia dukka han opp på eit frimerke.
|
|