|
|
|
Lanz FMD «Feldmotor» vart sett i produksjon i 1921. Sjølv om han var mykje mindre enn Landbaumotors var Feldmotor heller ingen småtraktor. Han kadde ein 4-sylindra bensinmotor på 38 hk. Girkassen hadde tre hastigheiter framover. Feldmotor var meint for store bruk, som trong ein kraftig traktor.
Den store bensinmotoren var ikkje særleg økonomisk, så i 1923 vart traktoren tilgjengeleg med glødehovudmotor, som kunne nytta billig råolje. Denne versjonen hadde typebetegnelsen FHD, men vart òg kalla «Felddank».
Det var òg ein versjon med heilgummihjul, beregna på transport på veg. Denne vart, naturleg nok, kalla «Verkehrs-Felddank». Hjula på «Verkehrs-Felddank» hadde noko større diameter enn på jordbruksversjonen, slik at hastigheita i 3. gir kom opp i 9,9 km/t, i staden for 6.9 km/t.
|
|
|
|
Lanz «Verkehr-Felddank» hadde heilgummidekk.
|
Lanz Felddank med ekstra breie hjul.
|
|
|
|
Pløying med Felddank.
|
|