Landsverk LM (1944 - 1947)
Under andre verdskrig var det underskot på traktorar i Sverige og AB Landsverk i Landskrona utvikla modell LM. Arbeidet var leia av Per Weiertz. Men Landsverk nytta same bank som Bolinder Munktell og banken meinte at dei to firmaa burde satsa på ulike produkt. Det vart difor til at Bolinder Munktell, som hadde produsert traktorar sidan 1913, helt fram med traktorpoduksjon, medan Landsverk satsa på gravemaskinproduksjon. På grunn av denne arbeidsdelinga vart det til at Landsverk produserte berre 25 traktorar.
Traktoren hadde ein 4-sylindra Albin toppventilert forgassarmotor på 34 hk, som gjekk på bensin eller parafin. Motoren hadde våte utbyttbare foringar.
Traktoren var utstyrt med kraftuttak bak, der det kunne monterast reimskive. Bremsene var bandbremser. Traktoren var utstyrt med 12 V elektrisk anlegg og elektrisk startmotor.