|
|
|
Komnick PT var ein stortraktor, med ein 4-sylindra forgassarmotor. Effekta vart oppgjeven til 60 hk. Traktoren var oppbygd i moderne halvramme-konstruksjon, med motor, girkasse og bakaksel bolta saman til eit stykke. Han var tilgjendeleg både som landbruksversjon, med jarnhjul, og som industriversjon, med tvilling hardgummihjul. Landbruksversjonen vog 2900 kg og industriversjonen 4600 kg. Dette resulterte i vekt/effekt-forhold på 48 kg/hk respektivt 77 kg/hk.
Komnick PT hadde 3 gir framover og eit reversgir. Traktoren hadde differensialsperre, noko som var svært uvanleg på denne tida. Han var òg utstyrt med elektrisk lys. Komnick PT var robust og driftssikker og hadde eit svært godt omdøme i samtida.
|
|
|
|
|
Industriversjonen.
|
Komnick «Grosskraftschlepper» hadde krefter til å dra tunge lass.
|