|
|
|
Denne Komick motorplogen hadde seks skjer og motoreffekta vart oppgjeven til 80 hk. På denne tida var det ingen standard for korleis ein målte motoreffekta til traktorar, så det er vanskeleg å samanlikna effekta med andre produsentar sine tal.
På denne tida var Komnick eit av dei største firmaa i det austlege Tyskland, så det er ikkje tvil om at dei hadde ressursar til å laga slike monster, men det er ikkje kjent kor mange som vart produsert. Om ein skal døma etter teikninga set det ut for at føraren hadde noko dårleg utsikt framover. Truleg var maskina i tillegg tung å styra, så det kunne ikkje ha vore så heilt enkelt å pløya rette fårer.
|