|
|
|
Den svenske motorplogen June vart produsert av AB Juneplogen, i Bankeryd, i Jönköping kommune. Han var konstruert på ei støypejarnsramme, som motor og drivverk var bolta fast på. Han hadde to drivhjul og eit framhjul plassert i ein vridbar gaffel frammom traktoren.
Det var to alternative motorar, ein 2-sylindra glødehovudmotor på 20 hk og ein 4-sylindra forgassarmotor, som gjekk på parafin. Motorane var vassavkjølte og hadde kjølevasspumpe og radiator.
Traktoren hadde pedalmanøvert friksjonskopling. Girkassen, som hadde to eller tre hastigheiter i kvar retning, var heilt innkapsla og tannhjula gjekk i oljebad. Overføringa til drivhjulet skedde via tannhjul i innvendig inngrep med ein tannkrans ute ved felgen. Overføringa var innkapsla og hadde automatisk smøring.
|
På biletet til høgre ser ein korleis plogkroppane var monterte på ei stålramme. Dei vart løfta og senka ved hjelp av kjettingar som gjekk over trinser. Løfteanodninga var plassert under det runde dekslet bak føraren, som heva og senka plogkroppane med pedalar. For at alle skjera skulle pløya like djup måtte den rektangulære rama haldast horisontal, noko som vart sikra ved å heva eller senke det høgre bakhjulet.
Plogkroppane kunne i noko mon bevega seg til sida og slik hindra fastkjøring i jordfast stein. Om ein plogkropp likevel gjekk fast i ein stein eller ei rot ville ei utløysaranordning til koplinga automatisk kopla fri for å forhindra skade.
|
|
|
|
Juneplogen sett frå høgre side.
|
Motoren hadde vinkeldrev for reimskiva i fronten.
|
|
|
|
Her vert taktoren nytta som drivkjelde for ein steinknusar.
|
|