|
|
|
På grunn av problema med friksjonsdrifta vart det utvikla tannhjulsoverføring. Desse traktorane fekk typebetegnelsen Type A og vart produserte med motoreffekter på 12, 15 og 20 HK. Dette var opphaveleg IHC Famous bensinmotorar, av same type som på traktorane med friksjonskopling, men dei vart etter kvart modifiserte for å nytta paradin som drivstoff.
Type A traktorane med motoreffekt på 20 hk hadde berre ei hastigheit framover, men sume Type A traktorar med motoreffekter på 12 og 15 hk hadde to hastigheiter framover. Alle Type A traktorane hadde tannhjulsdrift framover. Traktorane med berre ei hastigheit framover hadde òg tannhjulsdrift i revers, men dei som hadde to hastigheiter framover hadde friksjonsdrift i revers. Tannhjulsdrifta gjorde det naudsynt med friksjonskoblingar, men i motsetning til friksjonsrullen var desse robuste koplingar med friksjonsklossar som vart pressa ut mot ein trummel. Traktorane med tannhjulsdrift i begge retningar hadde to slike friksjonskoplingar, ei for kvar kjøreretning. Traktoren i illustrasjonen til høgre er ein av modellane med to hastigheiter framover.
Ramma på Type A var sterkare enn på dei tidlege modellane med friksjonsdrift, men ho var framleis ikkje stiv nok. Noko av problemet låg i at Type A ikkje hadde gjennomgåande bakaksel, men ein stutt aksel for kvart hjul. For å redusera problemet med vridningar i rama vart nokre av traktorane med 20 hk motor leverte med heil bakaksel. Desse fekk typebetegnelsen Type B. Med unnatak av bakakselen var Type A og Type B svært like. Frå 1910 vart nokre (etter 1912 alle) Type B traktorane leverte med to hastigheiter framover. I motsetning til Type A med to hastigheiter hadde desse tannhjulsdrift både i framover- og revers-retning.
|