|
|
|
Titan 45 Type D (heilt i starten var modellen kalla Reliance) vart utvikla for å konkurera om stortraktormarnaden. Titan 45 hadde same motoreffekt som Mogul 45, men traktorane var utvikla av forskjellige utviklingsavdelingar og det var stor skilnad på dei.
Motoren i Titan 45 var ein 2-sylindra rekkemotor. Denne motoren tok mindre plass en den 2-sylindra boxermotoren i Mogul 45, så Titan 45 var stuttare enn Mogul 45. På denne tida var materialkvaliteten ikkje så god og det var ikkje utvikla effektive luftfiltre. Sylindersltasje var difor eit problem. Av den grunn var motoren i Titan 45 utstyrt med utbyttbare sylinderforingar. I motsetning til Mogul 45 var Titan 45 utstyrt med «automobilstyring». Denne motoren var for stor til at han kunne sveiast å gång. Han var difor etter kvart utstyrt med same type luftstart som Mogul 45.
IHC nytta ein strategi med å tilby forskjellige traktorar av same storleik, som vart selde av separate forhandlarar. Mogul vart selde av dei tidlegare McCormick-forhandlarane og Titan av dei tidlegare Deering-forhandlarane.
|