|
|
|
Titan 18-35 hadde ein 2-sylindra motor med ei reimskiveeffekt på 35 hk og to hastigheiter framover. Totan 18-35 var utstyrt med sama type lutstart som Mogul 30-60 og Titan 30-60. I likheit med Titan 45 hadde han automobilstyring. Denne traktoren viste seg å vera for komplisert og lite driftsikker. Mange vart difor returnerte frå misnøgde kundar og det vart ikkje produsert meir enn 259 Titan 18-35.
|