|
|
|
Type C var ei vidareutvikling av Type A og Type B. Rama var forsterka og det var nytta ein kraftigare gjenomgåande bakasel. Transmisjonen var òg forbetra i høve til Type A og Type B. Type C hadde tannhjulsdrift framover, men friksjonsdrift i revers. Type C vart produsert med motorar på 20 og 25 hk. I motsetnad til tidligare modellar var motoren i Type C heilt frå starten konstruert for å nytta parafin (det er uvisst om dette gjeld Type C produsert i 1909 og 1910).
I 1919 vart typebetegnelsen endra frå Type C til Mogul Type C. Denne traktoren vart og omtala som Johnston-Longenecker-Akron-traktoren, etter dei to ingeniørane Johnston og Longenecker og utviklingsavdelinga ved Akron Works. Sjølv om Type C var bygd over same lest som dei tidlegare modellane var det utført mange forbetringar for å retta opp svakheiter ved tidlegare modellar, så Type C var ein meir robust traktor enn Type A og B.
|