|
|
|
Mogul 8-16 hadde ein 1-sylindra motor med ei reimskiveeffekt på 16 hk. Frammenden på ramma var ført over framhjula. Saman med svært liten akselavstand førte dette til mykje mindre snuradius enn vanleg på denne tida. Bakakselen vart dreven med ei kraftig kjede, plassert på venstre side. Kjeda var skjerma, men ikkje heilt innkapsla. Mogul 8-16 hadde berre ei hastigheit i kvar retning.
Mogul 8-16 fekk rykte som ein robust og slitesterk trakktor og det var produsert over 14000 Mogul 8-16.
|