|
|
|
Mogul 45 var ein stor traktor, med ei reimskiveffekt på 45 hk. Før 1. verdenskrig vart nordamerikamske traktorar berre større og større for kvart år. Med denne traktoeren ville IHC ta sin del av stortraktormarknaden. Motoren var ein tverrstillt 2-sylindra boxermotor, spesielt utvikla for denne traktoren. Det var stor avstand mellom sylindertoppane, så dei to sylindrane hadde kvar sin forgassarar. På biletet til høgre ser ein at den eine sylinderen peikar framover og den andra attover. På denne tida var det ofte problem med ventillane. For at det skulle vera lett å koma til ventillane var dei i Mogul 45 monterte i separate haldarar. Mot slutten av 1911 vart det høge kjøletårnet med den reimdrivne vifta i toppen bytta ut med ein anna kjøletårn utan vifte.
På biletet ser ein at traktoren vart styrt med kjettingar som snur heile framakselen, som på ein damplokomobil. Føraren hadde svært dårleg utsikt framover, så det kunne ikkje ha vore lett å pløya rette fårer med denne kolossen. Sjølv om komfort ikkje var noko salgsargument på denne tida er trakroren utstyrt med skjermar over bakhjula.
|