|
|
|
Mogul 30-60 var ei vidareutvikling av Mogul 45. Han hadde ein kraftigare motor, med ei reimskiveeffekt på omlag 60 hk. Lengda var òg auka i høve til Mogus 45. I 1915 var kjøletårnet bytta ut med ein frontmontert radiator. Medan Titan 30-60 hadde automobilstyring var Mogul 30-60 styrt med kjettingar som svinga heile framakselen, noko som resulterte i unøyaktig styring.
Motoren i Mogul 30-60 var for stor til å sveivast å gång. Han var difor utstyrt med ein bensindriven kompressor og luftstart. Kompresoren var utforma som ein boxermotor, der den eine sylinderen var motor og den andre kompressor.
|
|
|
|
Mogul 30-60 høvde godt for å pløya opp prærie, men denne 4-skjers plogen var alt for liten for denne traktoren; ein 8- eller 10-skjers plog ville høvd betre. Traktoren var ikkje lett å manøvra og høvde best ute på prærien, der fårene ofte var ein km, eller to.
|
Her vert ein Mogul 30-60 nytta til vegarbeid. Dette kunne vera ein måte å utnytta traktoren på utanom pløye og trøskesesongane, som dei hovudsakeleg vart nytta til i landbruket. Men mange entrepenørar kjøpte òg slike kraftige traktorar for å erstatta hestar.
|
|
|
Dette biletet syner radiatoren som vart innført i 1915.
|