|
|
|
Mogul Junior hadde mykje til felles med Mogul 45, med han hadde ein 1-sylindra motor og var mykje stuttare enn Mogul 45. Reimskiveeffekta var omlag 25 hk. Traktoren på biletet har den nye typen kjøletårn, som vart innført mot slutten av 1911. Sjølv om «Junior» var mindre enn Mogul 45 var han med ei vekt på omlag 8 ton likevel ingen småtraktor. På biletet ser ein at heile framakselen vert sviga med kjettingar.
|