|
|
|
Mogul 15-30 var ei vidareutvikling av Mogul 25. Det var ikkje så stor skilnaden på Mogul 25 og Mogul 15-30. Det er uvisst om motoren vart endra eller om IHC berre kom til at effekta var 30 hk i staden for 25 hk. Framaksen er ein av detaljane som skal ha vorte modifisert. På biletet til høgre vert ein Mogul 15-30 nytta for å trekkja ein sjølvbinnar.
Som dei andre Mogul-modellane vart Mogul 15-30 styrt med kjettingar som svinga heile framaksen, så styringa var ikke særleg nøyaktig. Men så lenge ein for det meste kunne kjøyra rett fram let det seg gjera å nytta slike traktorar.
|