|
|
|
International Harvester Company (IHC) byrja å eksperimentera med traktorar i 1905. I starten var det Ohio Manufacturing Company som laga traktorane for IHC, med unnatak av motorane, som var 1-sylindra 15 HK IHC Famous stasjonærmotorar. Sjassiet som Ohio Manufacturing Company laga for IHC var basert på ein konstruksjon som Samuel Morton hadde fått patent på i 1902. Morton hadde selgd patenta sine til Ohio Manufacturing Company, men traktorsjassiet vart omtala som «The Morton Traction Truck». Den fyrste IHC traktoren var ferdig i 1906, så dette året vert rekna som starten på International Harvester sin traktorproduksjon.
Det som var spesielt for denne konstruksjonen var at motoren var plasser på rullar på rama og kunne flyttast att og fram med ei spak frå førarplassen. Motoren var tverrstillt og veivakselen hadde ein fiberkledd friksjonsrull (med ein diameter på omlag 30 cm) som vart klemt mot eit mykje større drivhjul (med ein diameter på 127 cm) når føraren flytta mororen bakover. På biletet ser ein friksjonsrullen og det drivne hjulet (midt mellom venstre svinghjul og bakhjul). For å reversera traktoren vart ein annan rull klemt inn mellom drivrullen og friksjonshjulet. Det var berre ei hastigheit i kvar retning. Sjølv om dette systemet fungeret brukbart i tørt ver var det ikkje like bra i regnver. Det var heller ikkje like bra som tannhjulsdrift når traktoren vart nytta til tungt arbeid som pløying. Eit anna problem var at ramma ikkje var stiv nok for dei største motorane (sjå under); når traktoren drog tungt førte vridningar i ramma til at tannhjula i kraftoverføringa hamna i feil stilling.
Den store kassen i fronten på traktoren er kjølesystemet, som fungerte ved at kjølevatnet vart pumpa til toppen av tornet og rann nedover ein gitterstruktur. Noko av det varme vatnet fordampa medan det rann nedover og det var varmetapet på grunn av denne fordampinga som avkjølte vatnet. Denne fordampinga førte sjølvsagt til at det var naudsynt å etterfylla kjølevatn med jamne mellomrom.
I starten vart det utført mange endringar og dei fyrste traktorane var alle litt forskjellige. Dei vart leverte med motoreffekter på 10, 12, 15 og 20 HK, men friksjonskoplinga viste seg å for svak for dei største motorane. Ei viktig arbeidsoppgåve på denne tida var drift av stasjonære trøsverk og for denne oppgåva var ikkje friksjonsdrifta til hinder, ettersom reimskiva var driven direkte frå veivakselen. Motorane vart etter kvart (rundt 1910) modifiserte slik at det vart mulig å nytta parafin som drivstoff.
|