|
|
|
Sjølv om International 10-20 var bygd på ei stålramme var han ein moderne traktor då han vart introdusert i 1917. Han var utstyrt med ein 4-sylindra 4-takts forgassarmotor og girkassen hadde tre hastigheieter framover. Det var kjededrift av bakhjula, med separate kjeder for kvart hjul.
Radiatoren var plassert bak motoren, slik at pansret kunne utformast for å gi god sikt framover. Men denne plasseringa førte samstundes til at føraren satt med føterne tett inntil radiatoren. Om vinteren kunne dette vera behageleg, men om sumaren var det ikkje like populært med fotvarme.
På prototypestadiet vart denne traktoren kalla «den 4-sylindra Mogul 8-16». Men på grunn av at IHC vart dømt for monopolverkemd fekk dei påbod om å nytta namnet «International« på alle produkta sine. Den nye traktoren vart difor kalla «International 8-16«. IHC fekk samstundes påbod om å slutta med å distribuera produkta sine gjennom fleire forhandlarnett.
Sjølv om International 8-16, i høve til Mogul 8-16, Mogul 10-20 og Titan 10-20, var ein moderne traktor var han ikkje problemfri. Til dømes vart motoren bytta ut to gongar. Den fyrste motoren hadde for dårleg smøring og for svak veivaksel og den andre viste seg å ha for låg effekt. Stålramma var dessutan for svak og vart utsett for kraftig vridning under belastning. Etter at desse skavankane var retta på vart dette ein populær traktor, men IHC hadde ikkje produksjonskapasitet til å dekka etterspurnaden. I 1919 var traktoren utstyrt med vass-baset luftfilter, noko som auka levetida til motoren.
|
|
|
|
International Harvester 8-16 med slepeplog.
|
|