|
|
|
Hofherr-Schrantz-Clayton-Schuttleworth (HSCS), i dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn, produserte i 1915 traktorane HSCS MCT-15 og MDT-15. Dette var store tunge traktorar, oppbygde på stålrammer. Begge hadde ein-sylindra bensinmotorar; for MCT-15 var effekta oppgjeven til 15 hk ved 300 o/min og for MDT-25 til 25 hk ved 250 o/min. På biletet ser ein at sylinderen ligg med toppen vendt attover. På grunn av det låge turtalet var motorane utstyrte med to store svinghjul. Motorane nytta fordampingsavkjøling. MCT-25 vog 7500 kg og MDT-25 10300 kg, så vekt/effekt-forholdet var på 500 kg/hk for MCT-15 og 412 kg/hk for MDT-25. Sjølv på denne tida var dette uvaleg svake motorar.
Hastigheita skal ha vore rundt 2,5 km/t for MCT-15 og 2,8 km/t for MDT-25. Traktorane var utstyrte med friksjonskopling. Gir og akslingar var åpne, som vanleg på denne tida. Traktorane var utstyrte med reimskiver og truleg passa dei betre som sjølvkøyrande stasjonærmotorar enn som trekkmaskiner.
|