|
Hornsby-Akroyd vart produsert av Richard Hornsby & Son i Grantham England og var den fyrste traktoren i historia med glødehovudmotor. Det var engelskmannen Herbert Akroyd Stuart som i 1891 hadde fått patent på glødehovudmotoren; Richard Hornsby & Son stod for produksjon av motoren. I motsetnad til dei fleste andre glødehovudmotorane var motorane til Hornsby-Akroyd firetaktsmotorar. Kompresonsforholder var svært lågt og kompresjonstrykket var ikkje meir enn omlag 300 kPa. Verkningsgraden var difor tilsvarande låg, men på grunn av at motoren kunne nytta råolje var han likevel svært billig i drift. Dette var truleg grunnen til at Hornsby i 1896 tok til å produsera traktorar med denne motoren. Motoreffekta var oppgjeven til 20 hk. På denne tida var det svært liten etterspurnad etter traktor i Storbritania og mange av traktorane frå Hornsby-Akroyd vart eksporterte til Australia.
|