|
|
|
Hart-Parr, som helt til i Charles City, i delstaten Iowa i USA, hadde i nokre år produsert stajonærmotorar, då dei i 1901 tok til å laga ein traktor. Traktoren, som var ferdig i 1902, var bygd på ei stålramme, der dei plasserte ein av dei 2-sylindra stasjonærmotorane sine.
Motoren hadde ei effekt på 30 hk, målt på reimskiva, som var plassert direkte på veivakselen.
Motoren hadde veskekjøling, men i staden for vatn vart det nytta olje som kjøleveske. Forutan at oljen ikkje fraus om vinteren, hadde han høgare kokepunkt enn vatn. Oljen vart avkjølt i store radiatorar, plasserte bak motoren. Kjølesystemet var lukka og dei runde kulene på toppen av radiatorane er ekspansjonskuler som absorberte det ekstra volumet når kjøleoljen utvida seg.
Hjula var henta frå ein damplokomobil.Traktoren hadde ein etter måten veldimensjonert transmisjon og var, i motsetnad til mange andre traktorar på denne tida, brukbar som trekkmaskin. Føraren var plassert bak radiatorane.
|