|
|
|
Den skotske traktoren Glasgow vart konstruert av W. Cuthrie og var beregna for bratlendte skotske bruk. Traktoren hadde to framhjul og eit bakhjul, med drift på alle tre. Glasgow minte litt om den engelske traktoren Saunderson A, men både motor og transmisjon var meir moderne. Glasgow var òg meir lågbyggd enn Saunderson A, så tyngdepunktet var lågare.
I staden for differensial hadde framakselen sperrehakar, slik at når det ytre hjulet gjekk fortare i sving mista ein drifta på det indre hjulet. Med dette systemet var det ikkje naudsynt med didfferensialsperre. Alle hjula hadde ein diameter på om lag ein meter, men bakhjulet var breiare enn framhjula. Trehjulsdrifta førte til at traktoren hadde større trekkraft enn konkurenrande tohjulsdrivne traktorar. Føraren kunne heva og senka dei to framhjula individuelt, slik at motoren stå vertikalt under kjøyring langs med skråningar.
|
|
|
|
Glasgow hadde berre eit bakhjul.
|
Føraren var plassert på høgre side av bakhjulet.
|
|
|
|
Motor og kraftoverføring.
|
Glasgow ser ein reimskiva og førarplassen på høgre side.
|
|
|
|
Her er kraftoverføringa til framakselen synleg.
|
Reimskiva var plassert på motsett side av kraftoverføringa til framakselen.
|