|
|
|
Motorplogen Kullermo vart produsert av Getinge Nya Mek. Verkstads AB, i Getinge, Sverige. Han var fyrst og fremst beregna på pløying, men kunne òg nyttast med anna reiskap, som til dømes horv, med då måtte plogkroppane demonterast. Han var utstyrt med reimskive og kunne nyttsat som stasjonærmotor for treskeverk, eller andre maskiner. Traktoren var oppbygd med berande stålramme, der motor og drivverk var festa. Plogen var opphengt i ei ramme bak på traktoren og kunne lyftast med motorkraft.
Forutan motorplogen Kullmo produserte Getinge skipsmotorar. Motoren i Kullmo var difor av eigen produksjon. Det var ein 4-sylindra forgassarmotor, beregna på parafindrift. Drivstoffet vart forvarma ved hjelp av varmen frå eksosrøret. Motoren kunne og køyrast på sprit eller bensin, men då var det best å fjerna forvarminga. Effekta vart oppgjeven til 40 hk ved eit turtal på 800 o/min. Motoren var utstyrt med regulator, men turtalet kunne og regulerast med eit gasshandtak og manuell justering av tenningstidspunktet. Motorplogen vog 3300 kg, så vekt/effekt-forholdet var på 83 kg/hk.
|
Kullmo hadde ikkje girkasse i vanleg forstand, men friksjonsdrev. Utvekslinga vart endra ved å flytta eit lite friksjonshjul radialt langs ei stor friksjonsskive, som vist på biletet til høgre. Utvekslingsforholdet kunne justerast trinnlaust, men det var 9 førehandsinnstilte utvekslingsforhold. Kor driftssikkert denne friksjonsdrifta var er ikkje så godt å vita, men å kunna skifta utvekslingsforhold utan å stogga var inga ulempe. På det øverste biletet ser ein at kraftoverføringa til bakakselen skjedde med kjede. Som vanig på denne tida vart bakhjula drivne via ein open tannkrans. Denne vart ofte fylt med jord, noko som førte til slitasje på tannkransen og drivrullen. For å redusere dette problemet hadde drivrullen ein open konstruksjon, slik at jorda som kom mellom han og tannkransen vart trykt inn i drivrullen.
|
Biletet til høgre syner ein Getinge 2-sylindra skipsmotor, som av konstruksjon var lik den 4-sylindra motoren i motorplogen Kullmo. Veivakselen var opplagra berre på endane. På biletet ser ein òg tydeleg den underliggande kamakselen. Sylindrane var bolta fast på blokka og kunne byttast ut individuelt. Motoren var utstyrt med smøreoljepumpe, men truleg var det ikkje trykksmøring av veivaksel og stempelboltar.
Traktoren var utstyrt med radiator og kjølevasspumpe. Forgassaren var av fabrikat Schebler.
|
|
|
|
Kullmo motorplog sett frå høgre side.
|
På dette biletet ser ein korleis den 3-skjers plogen er festa til traktoren.
|