|
|
|
Ein av dei fyrste traktorane med forbrenningsmotor vart konstruert i delstaten Iowa i USA, av John Froelich. Motoren var ein 1-sylindra van Duzen motor med eit sylindervolum på over 35 liter. Effekta skal ha vore rundt 16 hk. Drivverket var henta frå ein Robinson damplokomobil, men Froelich skal ha laga noko av transmisjonen sjølv.
John Froelich var seinare med på å starta selskapet «The Waterloo Gasoline Traction Engine Company», som skulle produsere og marknadsføre traktoren. Det viste seg vanskelig å selje traktoren og berre eit par traktorar vart laga før selskapet gjekk over til å produsere stasjonærmotorar.
|