|
|
|
Då den vart introdusert i 1917 var Fordson F svært moderne i høve til konkurrentane, men han vart ikkje vidareutvikla noko særleg og mot slutten av 1920-talet var han langt på veg utkonkurrert av meir moderne traktorar, som til dømes International Harvester Farmal. Saman med den økonomiske depresjonen førte dette til så dårleg salg at den nordamerikanske produksjonen vart lagt ned. At Ford hadde bruk for all tilgjengeleg produksjonskapasitet i samband med introduksjonen av personbilen Ford A, som erstatta T-Forden, skal og ha vore ei medverkande orsak til at traktorproduksjonen vart lagt ned i Nordamerika.
I Europa var det større etterspurnad, så planane om produksjon i Cork i Eire (som no var ein fri og uavhengig nasjon) vart tekne opp at og i 1929 vart det sett i gang produksjonen i Cork. Samstundes vart det innført nokre modifikasjonar og den modifiserte traktoren fekk modellbetegnelsen N. Etter ei tid viste det seg at produksjonskostnadane i Cork vart høgare enn venta. Dessutan var det liten etterspurnad etter traktorar i Eire på denne tide og storparten av produksjonen vart eksportert til Storbritannia. I 1932 vart difor produksjonen flytta til ein heilt ny fabrikk i Dagenheim i Storbritannia. Fordson N skifta samstundes farge frå grå til blå. Ein kan og kjenne att Fordson N produsert i Dagenheim på at skjermane er mindre enn på traktorane produserte i Eire. Mot slutten av 1937 skifta Fordson N farge til oransje, men då andre verdskrig tok til vart farga bytta til grøn for at traktorane skulle vera vanskelegare å oppdaga frå lufta.
|
|
Motoren i Fordson N var ein modifisert versjon av den i Fordson F og kunne leverast for bensin eller parafindrift. Sylindervolumet var auka frå 4,11 til 4,37 liter og turtalet frå 1000 til 1100 o/min. Dette gav bensinmotoren ei yting på 26 hk, målt på reimskiva, medan parafinmotoren ytte 21 hk, målt på reimskiva. Frå 1937 var luftfiltret av oljebadtypen.
Ei anna vesentleg forbetring var at Fordson N kunne leverast med kraftuttak. Girkassen hadde framleis 3 gir framover, som på Fordson F og bakakselen hadde og same snekkeskruedrev som Fordson F. Framakselen var kraftigare enn på Fordson F og kan kjennast att på at han har ein liten knekk nedover på midten. Dessutan var framhjula av støypejarn. Vekta på Fordson N var på ca. 1640 kg, Dette resulterte i eit vekt/effekt-forhold på 56 kg/hk med bensinmotor og 71 kg/hk med parafinmotor. At vekta på framakselen auka hjelpte litt på problemet med at traktoren hadde ein tendens til å steile. |
|
|
|
Illustrasjon frå Forsonreklame.
|
Fordson N "All-Around" radkulturtraktor, som kom i 1937, var fyrst om fremst mynta på den nordamerikanske marknaden.
|