|
|
|
Henry Ford and Son starta traktorproduksjon i 1917. Då hadde Ford eksperimentert med ymse prototypar heilt sida 1906. Sjefskonstruktør for traktoren som til slutt vart sett i produksjon var ein ingeniør med namnet Farkas. Traktoren vert difor av og til kalla «Farkas-traktoren».
Under fyrste verdsskrig var den britiske regjeringa i beit for traktorar for å auka matproduksjonen. Britiske produsentar hadde ikkje kapasitet til å dekkje etterspurnaden, så det britiske Ministry of Munitions (MOM) såg seg nøydd til å importere traktorar frå USA. Dei var spesielt nøgde med dei Fordson prototypane dei testa og bestilte 6000 traktorar. På denne tida var dette ein stor ordre, men Ford hadde både ressursane og erfaringa som skulle til for storproduksjon.
Ford planla å setta i gang produksjon i Cork i Eire, men på grunn av faren for at fabrikken kunne verta bomba av Tyskland (Eire var framleis under britisk okkupasjon på denne tida) vart det til at dei skulle produserast i Dearborn i Michigan. Henry Ford ville vera sikker på at traktoren var ferdig utvikla før han vart sett i serieproduksjon og det drog ut med å starta opp produksjon. Det var fyrst mot slutten 1917 at han til slutt gjekk med på å setta i gång produksjonen. På grunn av at traktorane vart laga på bestilling frå det britiske Ministry of Munitions vart dei kalla MOM-traktorar.
|
Det var fyrst i 1918 at traktorane vart tilgjengelege i Nordamerika, der dei vart selde av dei same Ford-forhandlarane som selde Ford person- og lastebilar. I 1919 vart det starta produksjon i Cork, i Eire. Det vart òg bygd ein heilt ny fabrikk i utkanten av Detroit. Men på grunn av dei vanskelege økonomiske tilhøva i byrjinga av 1920-talet fekk mange traktorprodusentar problem med å omsetta traktorane som vart produserte. Samstundes med at produksjonen vart trappa opp ved den nye fabrikken i Detroit vart difor produksjonen i Eire lagt ned i 1922.
|
Fordson-traktoren var mykje mindre og lettare enn dei fleste andre traktorane på denne tida. Dessutan var han ikkje bygd på ei stålramme, men motor, girkasse og bakaksel var bolta saman til ein berande konstruksjon. Alle tannhjul i girkasse og differensial var heilt innkapsla og gjekk i oljebad. Denne konstruksjonen var ei vidareutvikling av eit prinsipp som Wallis Tractor Company, i Racine, hadde nytta heilt sidan 1913, då dei kom på marknaden med Wallis Cub. På Wallis-traktorane var det rett nok ikkje motor, girkasse og bakaksel som var den berande konstruksjonen, men ei stiv kåpe av kjelestål. På Wallis var heller ikkje dei siste dreva i bakakselen innkapsla før 1918. Det kan og nemnast at den finske traktoren Kullervo, som kom ut i 1917, hadde motor, girkasse og bakaksel bolta saman til ein bærande konstruksjon og alle gir gjekk i oljebad, som på Fordson.
|
Motoren i Fordson F var ein 3-sylindra bensinmotor. Han hadde eit sylindervolum på 4,1 liter og ytte ca. 20 hk ved 1000 o/min. Før 1920 var motoren av fabrikat Herkules, men i 1920 byrja Henry Ford and Sons å produsera sin eigen motor, som var svært lik Hekulses-motoren han erstatta. Fordson F vog berre 1215 kg, som resulterte i eit veft/effekt-forhold på berre 60 kg/hk. Motoren hadde vassavkjøling, men var ikkje utstyrt med vasspumpe. Han hadde heller ikkje trykksmøring, så det var viktig at det var nok olje på motoren for at plaskesmøringa fungerte. Om traktoren var ståande for lenge i ein bratt bakke kunne smøringa verta så dårleg at lagra skar seg. Luftfiltret var av vassbadtypen og var ikkje særleg effektivt.
|
Fordson F hadde 3 gir framover og eit reversgir. I staden for konisk pinjong og kronhjul hadde Fordson F snekkeskruedrev i bakakselen. Han hadde ikkje bremser før i 1923, då han vart utstyrt med bremser som vart aktiverte ved å trø koplingspedalen heilt ned. I 1924 kunne ein få skjermar som ekstrautstyr og i 1925 vart traktoren utstyrt med store skjermane, med innbygde vertøykassar, som vist på biletet til høgre. I tillegg til å verna føraren skulle desse skjermane hindra traktoren i å tippa rundt bakover ved steiling, som på grunn av den korte akselavstanden på berre 1,6 m var eit problem.
Fordson F var svært enkel og hadde ikkje meir utstyr enn naudsynt. Han var ikkje utstyrt korkje med reimskive eller kraftuttak, noko som gjorde at han ikkje kunne nyttast som stasjonærmotor. Reimskive kunne rett nok ettermonterast, på høgre side av girkassen. At han likevel var så populær kom av at prisen låg langt under det konkurrentane kunne klara. Antal produserte traktorar kom opp i over 755000. Storordren på 6000 traktorar frå britane vart kraftig overstigen av Sovietregjeringa, som i 1925 bestilte 25000 traktorar. Ein slik ordre var ikkje kvardagskost, sjølv for Henry Ford.
|
|
|
|
Den åpne konstruksjonan av sidepanelet på radiatoren syner at denne traktoren er frå før 1920.
|
Enda ein tidleg Fordson F, sett frå venstre side.
|