|
|
|
Då 2. verdskrig gjekk mot slutten var det stort underskot både på traktorar og råmaterialar i Storbritannia. Dessutan hadde landet eit stort valutaunderskot, så regjeringa ynskte å stimulere til innanlandsk traktorproduksjon. På grunn av underskot på råmaterialar var det innført rasjonalisering. For å tildele kvotar stilte regjeringa, gjennom «The British War Adricultural Comitee» krav om at traktorane måtte vera kraftige nok til å trekkje ein 3-skjers plog og ha stor nok frigångshøgd til å kunne nyttast som radkulturtraktorar.
Ford var ein av dei få selskapa som hadde kapasitet til å dekkje etterspurnaden, men den aldrande Fordson N kunne ikkje oppfylla desse krava. Fordson N var håplaust gammaldags og burde helst vore erstatta av ein meir moderne traktor. Men det hadde ikkje Ford ressursar til på slutten av krigen. Resultatet vart at dei oppgraderte Fordson N så godt det let seg gjera. Den nye modellen fekk betegnelsen E27N Major.
Motoren var den utdaterte 4-sylindra sideventilerte forgassarmotoren frå Fordson N, som gjekk på parafin. Ved å auka maks turtal til 1200 o/min klarte dei å tyna ut 27 hk. For å betra kjølinga var motoren no utstyrt med kjølevasspumpe, men han hadde framleis berre plaskesmøring og slitestyrken var dårleg. Han hadde dessutan høgt drivstofforbruk. Vekta var på 2000 kg med jarnhjul og 2050 kg med gummihjul, så vekt/effekt-forholdet låg på ca. 74 kg/hk.
|
|
Bakakselen på Fordson N var i svakaste laget for å trekkje ein 3-skjers plog, så E27N fekk ny bakaksel, med konisk pinjong og kronhjul og med eit etterfyljande reduksjonsgir. Dette er ein konstruksjon som viste seg å fungere bra. Traktoren hadde kraftuttak både bak og på midten, etter krav frå britiske myndigheiter. Han kunne og utstyrast med reimskive på venstre side.
For å tilfredsstilla kravet om stor frigangshøgd vart diameteren på bakhjula auka og framakselen var utstyrt med forlenga kingboltar, som seinare vart vanleg. På grunn av at han var høgbyggd vart E27N Major i Noreg kalla «Stegamajor» av sume, medan dei i Danmark kalla han «Klodsmajor» og i Sverige «Höglund». |
|
|
|
Fordson E27N Major med gummihjul.
|
Klikk på biletet for å forstørre det.
|