|
|
|
Harry Ferguson hadde ikkje midlar til å starta produksjon av traktoren som han hadde utvikla, så han gjekk inn i eit samarbeide med tannhjulsprodusenten David Brown & Sons Ltd. i Huddelsfield. David Brown skipa eit dotterselskap, David Brown Tractors Ltd., som stod for produksjonen av traktoren, medan Harry Ferguson Ltd. stod for salg og service.
Ferguson-Brown Type A var svært lik prototypen, Ferguson Black Tractor, men det vart utført nokre små endringar av hydraulikken og trepunktsopphenget. I motsetnad til prototypen var koplingspedalen plassert på venstre side og traktoren var grå i staden for svart. Dessutan hadde Type A ein Coventry Climax E motor. I likheit med motoren i prototypen var det ein 4-sylindra 4-takts bensinmotor. Effekta var oppgjeven til 20 hk. I 1937 tok David Brown over produksjonen av motoren og innførte samstundes nokre små endringar. Mellom anna vart topplokket endra. På trass av at Ferguson ikkje lika parafin vart det frå 1938 levert eit ombyggissett til motoren, slik at han kunne kjøyrast på parafin.
Barnesjukdomar: Sjølv om dette var ein revulsjonerande traktor hadde han nokre småfeil. Som i prototypen var mellomstykket mellom motor og girkasse laga av ei aliminiumslegering. Dette viste seg å vera for svakt og fleire traktorar gjekk av på midten. Ferguson held fast på å nytta aliminium for å spara vekt, men det vart likevel levert nokre traktorar med mellomstykke av støypejarn medan det vart eksperimentert med sterkare aliminiumslegeringar.
Det var òg eit problem at hydraulikkpumpa berre fungerte når traktoren var i rørsle, men ei ombygging ville verta kostbar og det vart ikkje gordt endringar på dette.
Treigt salg: Salget av Type A gjekk mykje treigare enn Ferguson hadde venta. Ein grunn til dette var truleg at Ferguson-Brown Type A krevde spesialtilpassa reisskap for at dei skulle kunna nyttast med trepunktsopphenget. Dessutan var traktoren mykje dyrare enn konkurrenten Fordson N. Ferguson Type A kosta £ 252, medan Fordson N kosta berre £ 149. Fordson var rett nok ikkje så moderne, men dei fleste potensielle kundar skjøna ikkje kor revulusjonerande Ferguson Type A var. Sjølv med imponerande demonstrasjonar var det vanskeleg å overtyda folk om at traktoren var verd prisen. Ferguson hadde rekna med stort salg i Nordamerika, men ein så liten traktor imponerte ikkje amerikanarane. Den beste marknaden var Scotland, som hadde mange brattlendte gardsbruk. Den beste eksportmarknaden var Noreg, som i likheit med Scotland òg hadde mange brattlendte bruk. Det vart likevel seld berre 29 Ferguson Type A i Noreg, så det mona ikkje stort.
Slutten på samarbeidet: I 1937 byrja Harry Ferguson Ltd. å få finansielle problem og gjekk saman med David Brown Tractors Ltd. i eit nytt føretak, Ferguson-Brown Ltd. I dette føretaket var det David Brown som hadde aksjemajoriteten, noko Harry Ferguson mislika sterkt.
David Brown ville endra traktoren for å gjera han lettare å selga. Han kom med framlegg om å laga ein større traktor som ville høva betre for slepereiskap, men Harry Ferguson ville ikkje gå med på å endra noko som helst. Det var stadige gnissningar mellom desse to og ut på hausten i 1938 reiste Ferguson til USA for å freista å overtala Henry Ford til å produsera traktoren. Samarbeidet mellom Ferguson og Brown tok slutt og David Brown kjøpte ut Harry Ferguson og tok over ansvaret for salg og service av Type A. David Brown starta arbeidet med å konstruera sin eigen traktor, men produksjonen av Type A heldt fram til sumaren 1939. Til saman vart det produsert rundet 1350 einingar av Type A.
|