|
|
|
Ferguson «Black Tractor» var ein prototype utvikla av Harry Ferguson Ltd. i Belfast for å kommersialisera det nyutvikla trepunktsopphenget med hydraulisk djupnekontroll. Utviklingsarbeided starta i 1932 og vart utført av Harry Ferguson, Willie Sands, Thomas McGregor Greer og John Chambers, medan det var John Anderson ved Lisburn College som utførde styrkeberegningane.
På grunn av at den automatiske djupnereguleringa overførte ekstra vekt til drivhjula kunne traktoren byggast lettare i høve til motoreffekta enn det som var vanleg på denne tida. Forutan å spara drivstoff hadde ei slik løysing òg den føremonen at det førte til mindre samanpakking av jorda ved tomkjøring. Ferguson var svært oppteken av at traktoren skulle vera ein universialtraktor, som skulle høva både på store og små bruk. Traktoren var sterkt innspirert av Fordson, men var mindre og meir moderne.
Motoren var ein Herkules 4-sylindra sideventilert bensinmotor, med ei effekt på 18 hk. Girkassen, bakakselen og styresnekka var produsert av David Brown Company i Huddersfield, som var den største tannhjulprodusenten i Storbritania på denne tida. Det var tre hastigheiter framover og eit reversgir. Traktoren var utstyrt med trommelbremser, plassert ute ved hjula. Det var separate pedalar for kvart hjul, som fungerte som styrebremser. Koplingspedalen var plassert på høgresida. For å redusera vekta var mellomstykket mellom motor og girkasse og lokket over hydrauliken laga av ei aliminiumslegering.
Traktoren var ferdig i 1933 og som det går fram av namnet var han svart. Ferguson nytta denne prototypen til å demonstrera føremonene med den automatiske djupnekontrollen og freista på det viset å kveikja interressa hjå etablerte traktorprodusentar for å innleia eit samarbeide om å produsera traktoren. Traktoren står no på Science Museum, Kensington, London.
|