|
|
|
I åra frå 1927 til 1928 utvikla Johann Georg Fendt og sonen hans Hermann, i Marktoberdorf i Allgäu, i Sørtyskland, ein småtraktor, med ein 1-sylindra bensinmotor med fordampingsavkjøling og ei effekt på berre 4 hk.
Då Fendt starta dei fyrste eksperimenta var det ikke ein traktor, men ei motorisert slåmaskine han hadde tenkt å laga. Det viste seg etter kvart at den firehjuls «motorslåmaskina» kunne nyttast for mange andre arbeidsoppgåver, som til dømes pløying og transport. Slåmaskina var likevel så viktig at ho var ein integrert del av traktoren.
Traktoren hadde ein utdatert byggemåte, med ei berande stålramme, som motor, girkasse og bakaksel var bolta til. Frå motoren til girkasses var det kjedeoverføring og frå girkasse til bakaksel kilreimoverføring. Traktoren hadde sentrifugalkopling og ein 3-trinns girkasse, med revers. Bakakselen var henta frå ei hesteslåmaskin og hadde drift berre på høgre hjul. Men Fendt monterte ei kopling, slik at det venstre hjulet kunne låsast til akselen når ein kjøyrde rett fram. Men ettersom bakakselen ikkje jadde differensial, var det naudsynt å kopla frå drifta til det venstre drivhjulet. Dette gjorde at det var vanskeleg å svinga mot høgre.
Slåmaskina vart driven via same kopling som framdrifta, slik at knivstonga stogga når traktoren stogga. Dette førte ofte til at slåmaskina kjøyrde seg fast i tjukt gras.
|