|
|
|
Dieselross F 9 var ei vidareutvilking av Grasmäher, men hadde ein ein Deutz dieselmotor på 9 hk. Frå 1936 vart det nytta ein motor på 12 hk (Dieselross F 12). Girkassen hadde tre hastigheiter framover og revers og det var kjedeoverføring både mellom motor og girkasse og mellom girkasse og bakaksel. Dieselross hadde same type bakaksel som Grasmâher, så for å svinga var det naudsynt å kopla frå det venstre drivhjulet.
Dieselross kunne leverast med jarnhjul eller hardgummihjul. Fendt var òg tidleg ute med luftfylte dekk. Ali i 1934 var Dieselross testa med luftfylte dekk.
Slåmaskina vart driven via ei separat kopling og kunne koplast inn og ut, uavhengig av framdrifta på traktoren. I tjukt gras kunne ein difor kopla frå framdrifta, for å gje slåmaskina tid til å arbeida seg fri.
Grasmäher var eigentleh ein prototype og Dieselross var den fyrste fyrste traktorane som vart produserte for sal. Ingen av dei fyrste traktorane var heilt like; det vart utført forbetringar for kvar traktor som var laga, ettersom feil og manglar vart oppdaga.
Dette var ein av dei fyrste traktorane med dieselmotor. Grunnen til at Fendt nytta ein dieselmotor var at dieseselolje på denne tida i Tyskland kosta berre ein tredjedel av bensin. Når ein i tillegg tok omsyn til at ein dieselmotor har høgare virkningsgrad enn ein forgassarmotor vart det rekna ut at drivstoffkostnadane ved dieseldrift var om lag 3,5 gong mindre enn for bensindrift. Dieselmotoren var etter måten tung og traktoren vog heile 1200 kg. Velt/effekt-forholdet kom difor på 133 kg/hk.
Dieselross var billig både i innkjøp og drift og vart snart populær i nærleiken av Marktoberdorf, og etterkvart i heile Bayern.
Dei fyrste åra vart det berre produsert nokre få traktorar og samla produksjon av F 9 og F 12 kom ikkje på meir enn 173.
Fendt laga ein plog til traktoren, men ikkje ein slepeplog, som var vanleg på denne tida. I staden var plogen i framkant festa til traktoren. I bakkant hadde han djupnehjul, men pløyedjupna kunne regulerast av føraren med eit handtak. Den tette koplinga mellom plog og traktor gav plogen ein meir stabil gang enn slepeplogar og det var ikkje lenger naudsynt å ha nokon til å gå bak plogen og styrte han.
|