|
|
|
Denne traktoren var basert på ein traktor utvikla under fyrste verdskrig, beregna på å dra tungt artilleri. Han var utstyrt med ein bensinmotor på 30 hk. Med ei vekt på 3800 kg låg vekt/effekt-forholdet på 114 kg/hk.
Traktoren hadde tre gir framover og revers. Maksimalhastigheita var om lag 6 km/t. Traktoren var bygd for terrengkjøying og begge akslane var avfjøra; drivhjula hadde kjededrift.
Traktoren høvde truleg betre til tungtransport enn som landbrukstraktor og kunne leverast med reimskive og vinsj. Førarhuset var vel ikkje stort meir enn eit regntak.
|
|
|
|
|
|