|
Den fyrste traktoren frå Deutz som var brukbare som landbrukstraktor var MTZ 120, som kom i 1929. Han var bygd på ei stålramme, men girkassen var heilt innkaplas og oljefyllt. Motoren var ein 1-sylindra forgassarmotoer på 27 hk, med liggade sylinder. Veivakselen var plassert i fronten på motoren og det var kjedeoverføring til girkassen. Det vart nytta vassavkjøling og radiator. Det var tre gir framover og eit reversgir.
I 1932 vart motoreffekta auka til 30 hk og modellbetegnelsen vart endra til MTZ 220. I 1934 vart effekta auka på nytt, til 36 hk og modellbetegnelsen endra til MTZ 320. Deutz MTZ var robuste og driftssikre og fekk eit godt omdøme i samtida.
|