|
MTH 222 var Deutz sin fyrste traktor med glødehovudmotor. Motoren hadde ein sylindrer med eit slagvolum på 3,86 liter og ei effekt på 14 hk ved 600 o/min. Traktoren var svært lik Lantz HL og i likheit med denne nytta MTH 222 fordampingavkjøling.
Traktoren hadde to hastigheiter framover, pluss revers. Maksimalhastigheita var 6.3 km/t. MTH 222 vog 3000 kg, så vekt/effekt-forholdet var på 214 kg/hk. Når ein i tillegg tek omsyn til at han hadde små hjul vert det klart at MTH 222 høvde best på fast underlag, eller som sjølvkjøyrande stasjonærmotor. Det vart produsert omlag 540 av denne typen.
|