|
|
|
Deutz F2M 315 var den fyrste Deutz-traktoren som hadde motor, girkasse og bakaksel byggd saman til ein bærande konstruksjon. Motoren var ein 2-sylindra dieselmotor, med ei effekt på 28 hk. Motoren hadde vassavkjøling, med våte utbyttbare foringar. Bunnpanne, girkasse og bakakselen var laga av står, i staden for støypejarn. Traktoren vart difor kalla «Stahlschlepper» (ståltraktor).
Året etter at F2M 315 var introdusert innførte Deutz F2M 317, som hadde litt kraftigare motor enn F2M 315, men det var ikkje produsert så mange av denne modellen. Traktorane hadde same typenummer som motorane. I typebetegnelsen F2M 315 ståd 'F' for «Fahrzeug» (kjøyretøy), '2' for 2-sylindra, 'M' for vassavkjølt, '3' for byggeserie nr 3 og 15 for 15 cm slaglengd. Av dette ser ein at F2M 315 hadde 2 cm større slaglengd.
|
|
|
|
Traktorane var òg tilgjengelege i industriversjon og ut på 30-talet kunne dei leverast med gummihjul.
|
På dette biletet ser ein at luftfiltret er plassert på utsida, på venstre side.
|
|
|
|
Industriversjon kunne leverst med førarhus, men det var ikkje veltesikkert.
|
|