|
|
|
Deutz F1M 414 ein liten traktor, beregna på små bruk og vart kalla «Bauernschlepper». Girkasse og bakaksen var støypt i eit stykke og bolta saman med motoren. Mororen var ein 1-sylindra toppventilert, vassavkjølt forkammer dieselmotor. Effefeka var på 11 hk, så traktoren vart ofte kalla «11er Deutz».
Hjulavstanden var på berre 1.43 m, noko som resulterte i liten snuradis, men det førte òg til at traktoren hadde lett for å stegle. Det var difor ofte naudsynt å nytta ekstra frontvekter for å hindra stegling. Men det hendte òg at det stod ein person, eller to, framme på traktoren for å hindra stegling. Dette var ikkje heilt ufarleg, men på denne tida vart ikkje sikkerheita alltid prioritert.
Traktoren hadde tre gir framover og eit reversgir. Han var utstyrt med både bakmontert og midtmontert kraftuttak, pluss bakmontert reimskive. Det midtmonterte kraftuttaket vart fyrst og fremst nytta til sideslåmaskin, som var populart på denne tida. Det midtmonterte kraftuttaket hadde sentrifugalkopling, slik at slåmaskina var innkopla automatisk når føraren auka turtalet.
|
Deutz F1M 414 var robust og slitestert og vart ein populær traktor på små familiebruk. Etter 2. verdskrig vart traktoren levert med 4 hastigheiter framover. Han vart òg utstyrt med fotbrems og fotgass. Som dei fleste traktorar på denne tida var ikkje F1M 414 utstyrt med hydraulikk. Det vart produsert over 19000 «11er Deutz», som var myke meir enn for dei større Deutz-traktorane på denne tida.
|
|
|