Deering «Mowing Machine» (1894 - 1903)
Før samanslåinga av McCormick og Deering i 1902 hadde både Deering og McCormic arbeidd med å utvikla sjølvgåande slåmaskiner. Ingen av dei vart marknadsførte, men prototypane viser interresante trekk i utviklinga av landbrukstraktorn.
Denne skissa frå eit patent syner Deering sin «Mowing Machine». Han var konstruert av George H. Ellis. Motoren var ein 2-sylindra bensinmotor på 6 hk, som Ellis hadde konstruert. Denne motoren var montert på ei ombyggd Deering New Ideal hesteslåmaskin. Motoren synte seg å vera for svak, så Ellis utvikla ein ny 2-sylindra motor som ytte om lag 16 hk. Denne motoeren var montert på ein modifisert versjon av slåmaskine i 1894. Nokre år seinare gjekk han over til å nytta ein 1-sylinda motor. Ellis heldt fram med å vidareutvikla maskina, som etter kvart vart svært komplisert, som skissa (frå 1902) syner.
Det var berre ei hastigheit framover og maskina hadde ikkje reversgir. Drifta til slåtteapparatet vart teke frå girkassen og var innkopla når maskina rørde seg framover. Dette førte til problem når maskina kjørte seg fast i tjukt gras.