|
|
|
Den fyrste traktoren frå Motorfakrikken Bukh AS i Kalundborg, på den nordvestlege luten av Skjælland i Danmark, DZ 30, vart lansert i 1956. Bukh hadde lang erfaring med produksjon av båtmotorar, så dei produserte sjølve motoren til DZ 30, som var ein 2-sylindra dieselmotor med forkammer på 30 hk. Den 6-trinns girkassen og bakakselen kom frå Zahnradfabrik Friedrichshafen AG (ZF). DZ 30 var utstyrt med differensialsperre og både motor- og markavhengig kraftuttak.
I 1957 kom DZ 45, som var ei større utgåve av DZ 30. Motoren i DZ 45 hadde tre sylindrar og ei effekt på 45 hk. DZ 45 hadde 9 gir framover og 2 reversgir. Han hadde og større hjulavstand og litt større dekkdimensjon enn DZ 30.
DZ 30 og DZ 45 hadde hydraulisk trepunktsoppheng, med ei løfteevne på 850 kg. Hydraulikkpumpa vart driven direkte frå veivakselen, så hydraulikken var uavhengig av kraftuttaket.
|