|
|
|
Etter å ha arbeid med problemet ei tid kom Bolinder Munktell fram til ein vedgasversjon av glødehovudmotoren i BM 2. Motoren var den same som i BM 2, men med ein del endringar. Glødehovudmotoren var ein 2-taktar som saug inn luft via veivhuset. Denne arbeidsmetoden kunne ikkje nyttast saman med vedgassdrift, ettersom vedgassen inneheld kolpartikklar og tjøre. Om gassen gikk gjønom veivhuset ville det difor oppstå skadelege avleiringar.
Motorn måtte difor byggjast om, slik at vedgassblanda luft vart sugd inn gjennom ein ventil i topplokket. Innsugingslufta hadde litt overtrykk, noko som var med på å spyle ut eksosen frå sylinderen. Det modifiserte topplokket hadde i tillegg tennpluggar, som på ein forgassarmotor. I starten vart det nytta magnettenning, men etter kvart vart denne bytta ut med batteritenning.
Ytelsen ved vedgassdrift kunne variere mykje, avhengig av kvaliteten på knotten og vedlikehaldet av vedgassaggregatet.
Vedgassaggregatet vart levert av Hesselman. Det var òg produsert ombyggingssett for BM 2, slik at dei kunne kjørast på knott. Då oljetilførselen kom i gong att etter krigen vart vedgassaggregatet fjerna og det opphavlege topplokket set på plass att. GBM 2 vart då til BM 2.
|
|
|
Biletet syner vedgassaggregatet på venstre side og den frontmonterte korkrensaren.
|