|
|
|
BM 55 var den nye stortraktoren til Bolinder Munktell, som erstatta den tidlegare BM 21. Traktoren var òg tilgjengeleg frå Volvo, med typebetegnelsen T 55. Med unnatak av farga var BM 55 og T 55 like. Vekta var på 2950 kg med standard utstyr. Motoren i BM 55 var ein ny 4-sylindra dieselmotor på 55 hk, frå same serie som motoren i BM 35/36. Tidleg på femtitalet var dette ein stor traktor, beregna på slepereiskap. BM 55 hadde ikkje ein gong hydraulisk trepunktsoppheng. Han hadde rett nok eit hydraulisk system, med det var beregna på tippsylindrar, frontlastarar og liknande. Mot slutten av produksjonsperioden var det mulig å få han med hydraulisk trepunkysoppheng som ekstrautstyr, men med ei løfteevne på berre 900 kg. Det var trepunktsopphenget til 30-serien som var tilpassa BM 55 og det var alt for svakt til ein så stor traktor.
Girkassen var konstruert på same viset som i BM 35/36 og hadde fem hastigheiter framover og eit reversgir. Bakakselen, derimot, skilde seg frå den i BM 35/36; BM 55 hadde rak bakaksel. Dessutan hadde han differensialsperre. Kraftuttaket var av den enkle koblingsavhengige typen. BM 55 var i det heile ein enkel og driftssikker stortraktor, beregna på hardt arbeide over lang tid.
|
|
|
|
|
Klikk på biletet for å forstørre det.
|
BM 55 var utstyrt med differensialsperre.
|
På femtitalet var reimskive framleis i bruk.
|
|
|
|
|
Liten snuradius var viktig.
|
Trekkbom.
|
Ekstern hydraulisk sylinder.
|